Barnas turlag Lærdal

Barnas Turlag er ei undergruppe av Lærdal Turlag som har ansvaret for turar og aktivitetar for born i alderen 0-12 år. Turbo Fjellrev er maskotten til Barnas Turlag.  Han er ein blid liten rev som likar å vere på tur i fjellet, i skogen og ved fjorden. Eit aktivt uteliv i Barnas Turlag er med og sikrar borna ei god fysisk og pyskisk helse.  Vi dreg mellom anna på fisketur, klatrar, går på ski, og steiker pølser på bål.

Alle turglade born i alderen 0-12 år blir invitert til å bli medlem i Barnas Turlag i Lærdal. 

Vi arrangerar dagsturar i nærområdet. På fellesturane er du saman med mamma, pappa, besteforelder eller ein annan vaksen du kjenner. Ein vaksen turleiar er alltid med og viser veg. Turane passar for alle aldersgrupper dersom ikkje noko anna er skrive. Likevel må dei vaksne sjøl avgjere kva turar som passar for dykkar born. På alle turane har dei vaksne ansvar for eigne born under heile turen.

Alle turane blir annonsert på Facebook, og ved oppslag på skulane og i sentrum.


Kommande aktivitetar. Turprogram 2019 kjem snart 



Overnattingstur for familiar. Hallingskeidsanden i Lærdal Dato: 25.–26. august 2018. Klikk på linken:

https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/7770d94a4c2857b91e8a0a03d48d4eaa67aff9f5.pdf

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har forslag til turar, aktivitetar eller om du sjøl vil vere med som turleiar.

Barnas Turlag blir leia av Linda Hillestad Linga.