Familietur til Okken (1686 moh)

20 spreke turfolk
Tok turen til Okken sundag 30. juli 2017. Fleire hadde born med, og det såg ikkje ut til at 500 høgdemeter fra parkering ved Okkegrovi og til varden på 1679 moh, som var turmålet, var så tungt for dei heller. Opp Okkegrovi var det bratt og tungt, men etter kvart vart det litt lettare opp fjellsida til Okken.
Okken er ikkje flat på toppen, det er både knausar og små dalsøkk, men underlaget er godt å gå på. Ved varden tok me oss god tid til både mat og nyta utsikten, eit slik panorama må ein leita lenge etter!
På attendeturen ville fire av turfølget gå om høgste punktet på 1686 moh, medan dei andre gjekk same veg ned som opp. Alle møttest på toppen av Okkegrovi.
Det var meldt litt usikkert ver, men skodda trekte seg ut Øydalen da vi byrja på oppstigninga, litt vind på turen opp, men ved varden skein sola!
Dei som ikkje har vori på Okken og sett på utsikten bør ta turen, den er ikkje avskrekkande tung!







