Hornelen - medlemstur 2018

Gloføykvatnet med Hornelen.
Gloføykvatnet med Hornelen. Foto: Einar Moen

Lærdal turlag hadde valt seg langtur i vest, og besøk til Hornelen som turmål på den årlege medlemsturen.

Det var heile  16 påmelde til årets medlemstur, som var lagt til Kalvåg i Bremanger.  Når dagen kom, var vi 13 forventningsfulle turfolk, klare for nye eventyr. Vi fordelte oss i tre bilar og køyrde frå Lærdalsøyri laurdag 25. august kl. 09:00. To var reist i førevegen.

For å få litt variasjon og oppleving, også på bilturen, la vi opp til ei Nordfjordrute på veg på utover, og ei Sunnfjordrute på veg heim. Vi  tok ferja Anda - Lote og Stårheim - Isane utover.  For fleire var dette ei ny reiserute. Vi fekk med oss Ålfoten, køyrde over fjellet, og  litt ned Sørdalen. Vidare den nye Botnetunnellen  nordover.  Då vi kom mot Leirgulen, som ligg svært idyllisk til, såg vi rett på Hornelen, som var hovudturmålet vårt.

Rasteplassen Gloføyka med Hornelen.
Rasteplassen Gloføyka med Hornelen. Foto: Einar Moen

Noko avhengig av vèrmeldingane, var det planlagt ein mindre tur på veg  opp. Og tur vart det. Vi parkerte på den fine rasteplassen Gloføyka. Turen gikk så til Gloføykvatnet på Rugsundøya. Det vart tilbod om topptur,  for den som ynskte det. 7 av oss gikk vidare og nådde toppen Sundsua, 549 m.o.h. i ausande regnvêr. Vi tok ei anna lei nedatt, og fekk ein fin stemningsfull rundtur. Regnet avtok etter kvart.

Frå Rugsundøya 250 moh. Mot Hornelen.
Frå Rugsundøya 250 moh. Mot Hornelen. Foto: Einar Moen
Foto: Einar Moen

Etter fullført tur, køyrde vi vidare siste halvtimen ut til Kalvåg. Dette gamle fiskeværet på øya Frøya, freista med stabilt regnvær heile helga. Vi vart innlosjert i rorbuer og leilegheiter. Etter ein varm dusj, var det dekka til «Havets festbord» på «Knutholmen».  Og for eit måltid. Her var noko for ein kvar smak. Nydeleg trekt kvit fisk, av ulik type, og sjømat med tilbehør. Rikhaldig dessertbord høyrde også til.  Det såg ut som om dei fleste åt minst så mykje som dei trong. Ein nytelse var det.

Søndag morgon var det klart til avreise til hovudturmålet, Hornelen. Etter sjølvlaga frukost sette vi oss i bilane, og køyrde til Hundskår. Start på turen frå Kyrkjegarden. På fyrste del av turen var det lagt store steinblokker,  som trapp oppover det myrlendte og fuktige terrenget.  Alt av dette inngrepet var ikkje ferdigstilt. 

Foto: Einar Moen
Foto: Einar Moen

Vidare oppover var det blautt og veldig bratt. Vi var likevel heldige ved at det ikkje vart mykje regn på sjølve turdagen vår.  Noko yr innimellom, rett nok. Ved ca. 400 moh. var det klart for ein pause med nistemat.

Foto: Einar Moen

Turen vidare gikk i ulike «etasjar» oppover det karakteristiske landskapet som er her nær kysten. Mykje sva-formasjonar, og lite vegetasjon når ein kjem høgare opp.  Frå 600 moh. flata terrenget noko ut, før det vart nokon bratte kneikar vidare opp mot knapt 800 moh. Så var det over fjellet . Her er det også gjort inngrep, ved at store steinblokker er justert. Dette for å få eitt jamt parti som transport-etappe.  Denne "motorvegen" opplevde vi likevel grei og naturleg på mange måtar. Stein er stein.

Foto: Einar Moen
Foto: Einar Moen
Svartevassegga øst (Vestre Hornelen).
Svartevassegga øst (Vestre Hornelen). Foto: Einar Moen

Vi skulle ca. 100 meter bratt nedatt i eit dalføre,  innover, og etter kvart runda opp på toppunktet. I mens hadde tre av oss teke turen opp på Svartevassegga øst, 889 moh. som er det høgaste punktet på fjellet. Opp siste kneika til Hornelen var det store blokker og veldig bratt. Heit sist, ca. 50 meter før toppen,  var det eit sva som var litt kinkig.  Her måtte vi vise varsemd på det blaute underlaget.

Foto: Einar Moen

På toppen fotograferte vi i ulike himmelretningar. Vi tok pause, og åt. Og ikkje minst tok vi det obligatorisk felles toppbilete. Denne gongen med norsk flagg, som låg disponibelt i steinbua (nødbu). Sjølve utsikta var formidabel, særleg inn til Botnen. Nokon skyer kom og gikk. Også spektakulært med den store sprekken som er på topp-platået. Denne vart observert og fotografert. Nokon på nærare hald enn andre. Det støkk i oss i ettertid, då det viste seg at ein kvinne fall ned i denne sprekken, og mista livet nokre få dagar etterpå. Tragisk, og ei påminning om at ein må vise varsemd ute i den ville naturen vår.

Foto: Einar Moen
Hornelen med sprekken.
Hornelen med sprekken. Foto: Einar Moen
Foto: Marita Måseidvåg

Då var vi klar for returen.  Merka at det ikkje var flatt, og at det var mykje stein. Det var også ei bratt kneik oppatt på platået. Det gikk relativt raskt tilbake, inntil vi skulle ned att den blaute og bratte siste kneika.  Nokon var blitt slitne, og nokon sleit med skavankar som gjorde at tida gikk. Men alle skal med, det må vere mottoet også til Lærdal turlag.  Det er god meistring i å gjennomføre ein slik tur.  Hornelen er ein relativt tøff tur, sjølv om ein er i bra form. Og noko tøffare når det er blautt etter at store nedbørsmengder har besøkt området jamt, fleire dagar i førevegen. 

Foto: Einar Moen
Svartevassegga øst sett nedanfrå.
Svartevassegga øst sett nedanfrå. Foto: Einar Moen
Nedstigninga. Rungsundøya på andre sida.
Nedstigninga. Rungsundøya på andre sida. Foto: Einar Moen


Etter ca. 10 timar var vi i bilane, og hadde ein god biltur framfor oss. No var det Sunnfjordruta heimatt. Gjennom tunnelen, ned til  Svelgen, og sørover i retning Florø, og så mot Førde og vidare heim. Vi rakk ikkje ferja ved midnatt, så det vart seint i seng.  Helga var vellukka og opplevelsesrik.

For Lærdal turlag

Einar Moen

Skrevet av Einar Moen 21. oktober 2018