Bakketrimmen 2021

Bakketrimmen fra 1. april 2021

Turlaget legg i desse dagar ut Bakketrimmen for 2021. Den byrjar 1. april og held fram til 1. oktober.
Turlaget har bytta ut tre postar, dei som er tekne ut er St Olavskjelda, Korberget og Kropp. Nye vert Harasigle, Drageset og Badnestein. Me held fram med 7 postar.
Det vert ikkje lagt ut turbøker og klippetang, og det vert ikkje alle postane som har turbokkasse, men alle får eit skilt med tekst «BAKKETRIMMEN.»
Bakketrimkort kan du no kjøpa på Lærdal Grønt.
Registreringa vert som før på kortet, eller på appen SjekkUT, alle postane er lagt inn der. Kortet kostar som før 50 kr, 100 kr for familie, og du må sjølv krysse av på kortet kor du har vore. Vel du berre SjekkUT betalar du 50 kr til turlaget på VIPPS nr 602939, skriv kva det gjeld. Alle deltek i ei trekning om tre gåvekort på 1000 kr på årsmøtet, og alle som har fullført Bakketrimmen får ein liten premie.

https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/2b28cb9933e6ad88b405c4265ed41ea59fc0592e.docx

Skrevet av Rolf Engløkk 17. mars 2021