Våkeldhaugen
Våkeldhaugen Foto: Einar Moen

Lærdal Turlag på SjekkUt

SjekkUt er den nye postkassa til Lærdal turlag. Har du sjekka ut SjekkUt-appen ?  Det er ganske moro :)

Alle er vi glade i dei grøne, og av og til raude og gule postkassene til dei mange turlaga i landet vårt. Det kan vere ulike motiv for å skrive seg i boka. Som å setje seg aktivitetsmål for å komme seg ut i naturen. Nokon vil konkurrere med seg sjølv, eller skriv for å vere med i trekninga om ein gevinst. Andre skriv for å syne at dei støttar laget og frivillig arbeid. 

SjekkUt er den elektroniske måten å registrere eit turmål på. Du må ha ein smart-telefon for å kunne registrere deg. I Lærdal turlag byrja vi for knapt 4 år sidan, og hadde etter ei kort tid 20 turmål med denne registreringsforma. I dag har Lærdal turlag ei generell liste på 55 turmål. Vi har ei "toppturliste" på 5 turmål. Vil Bakketrimmen også komme på SjekkUt ?

Føremonene med SjekkUt er at du til kvar ei tid har oversikt på telefonen din over: Kva turmål har eg vore på ?  Kor mange gonger ? Kor mange på kvar stad ?  Kor mange siste 30 dagane ? Kor mange lister er eg med på ?  Ja for du kan melde deg på lister også i andre deler av landet. Desse reknast med i totale besøk.

På sjekk ut kan du registrere deg privat. Då er du ikkje synleg for andre. Viss du klikkar på "Signere gjesteboka", då ser andre kven som har besøkt turposten. Det er no kjekkast da.  Ja du kan sjølvsagt også legge ut bilde.

Styret i Lærdal turlag har ikkje umiddelbare planar om å avvikle dei grøne postkassene. Men det kan vere at Korona-tida påverkar dette.  Kven veit ?

Her finn du generell informasjon om SjekkUt på DNT si heimeside: https://www.dnt.no/sjekkut/

Skrevet av Einar Moen 6. april 2020