Stølstrim 2019 - 2020

Stølstrimmen 2019 - 2020 er klar. Kort er å få kjøpt på Felleskjøpet torsdag 27. juni. 

Frå torsdag 27. juni er Stølstrimmen klar. Du får kjøpt trimkort på Felleskjøpet i Lærdal. Fleire nye turmål har gjort arbeidet med tilrettelegging meir omfattande enn tidlegare år. 

Fleire har venta på nytt 2 årig tilbod med "Stølstrimmen". I år har vi valt ut fleire nye postar. Siste turbokkassa er flytta frå Håvardsete til Breisete. Denne posten var på turlaget sin stølstrim midt på 90-talet. Det var difor behov for rydding og nymerking. I dag 26. juni, har turlagsleiar Rolf Engløkk ordna dette også. Litt pussing av ruta til Reset i morgon. Posten Frostdalen har enno noko høg vassføring. Vi oppdaterer når postkassa er på plass der. Du finn fleire "nye" turmål desse to åra. Har du vore på Perstølen, Fureset i Erdal, Reset eller Månsetjodnstølen ?

Sidan vi har valt fleire nye turmål, er ferdigstillinga av tilbodet nokre veker seinare enn vanleg. Turmåla går fram av lenka nederst i artikkelen. Her er også ein del informasjon som du bør lese.  Vi varslar vesentlege endringar på DNT og på Facebook-sida vår.

Nokon grunneigarar ber oss vise omsyn i hjortejakta. Hvis det er aktiv jakt, og står ute skilt "Jakt pågår", ber vi om at det vert vist omsyn.  Ver og varsam der det er beitedyr, og sikre deg at du har lete skikkeleg godt att grinder.

God tur til vakre stølar. Ta deg tid til å nyte, til å tenkje, og ta gjerne med familien. Kos dikka !!!

Skrevet av Einar Moen 26. juni 2019