Årsmøte i Lærdal turlag

Lærdal turlag heldt årsmøte på Lærdalsøren hotell onsdag 22. november 2017.

Så mange som 20 personar hadde møtt fram for å delta på Lærdal turlag sitt årsmøte for 2017. 

I tillegg til vanlege årsmøtesaker, hadde laget besøk av Marino Ask, leiar av Sogn og Fjordane turlag. Han gav ros til det gode arbeidet turlaga gjer, og særleg den ubetalelege verdien sett i eit folkehelseperspektiv. Han hadde merka seg den gode drifta i Lærdal turlag dei siste åra. Marino fortalde og om eit nytt samarbeid mellom turlag på Island og Sogn og Fjordane turlag.

På møte vart det vist bilete frå noko av turane. Det vart og trekt ut tre premiar på kr 1000 kvar etter årets Bakketrim. Laget la fram utkast til kommande fellesturar i 2018. Laget tok i mot innspel frå medlemar, og det var noko meiningsutviksling under vegs.

Rolf Engløkk vart vald til ny leiar av Lærdal turlag, medan Trond Einemo vart takka av for sine 4 leiarår i laget. Rannveig Frydenlund vart takka av som styremedlem. Anne Marit Hunderi og Stian Fagerlund kom inn som nye styremedlemar.

Deltakarane på møte kunne i tillegg kose seg kaffi og god kake .   Referat frå årsmøte, årsmeldinga og utstyrlsiste ligg ved.

Skrevet av Einar Moen 27. november 2017