Trugetur Sagi - Kvitingsmorki

Fellestur

Dato
17. mars kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, , Trugetur
Arrangør
Lærdal Turlag
Dette arrangementet er over!

Vi skal gå på truger i eit veldig fint naturlandskap med start ved Sagi langs Årdalsfjorden. Vi går frå parkeringsplassen ved den merka naturstien til Kvitingsmorki. Vi reknar med at det skal vere fint trugeføre frå om lag 400 m.o.h. og vidare oppover den flotte skogen med store furuer.

Viss du har lyst å vere med, men ikkje har truger, så gi ei vink ei tid før turen, så skal vi prøve å skaffe truger til låns. Lærdal turlag har to par til utlån til medlemane, heile året. Møt ved Rådhuset litt før kl. 10, for felles køyring til Sagi.

Stølen Kvitingsmorki har status som Naturreservat. Frå faktaark frå naturbase.no kan ein lese: 

"Området er ein stor og skogrik lokalitet med variert furuskog som kan følgjast frå fjorden og opp til mest 1000 m.o.h. På høgare nivå finst urskogprega furuskog. Denne står i kontrast til den lågareliggjande delen der omfattande hogst gjekk føre seg fram til ca.1850. Dei yngste hogstane er truleg frå krigens dagar. Fleire eksposisjonarer representert med ulike skogtypar. Skogen er påverka av lang tids beiteaktivitet, men urørt areal finst og. Typeområde for skogen i indre fjordstrok. Innmark på nedlagt husmannsplass lengst nede ved fjorden har behov for skjøtsel."

På vegen opp får du oppleve vestlandets høgstliggjande furuskog-område. Kvitingsmorki ligg i ly av Bermålsnosi og Høganos. Det er fint å gå sommartur opp her, og nedatt på Fodnes, eller til Lærdal.

Det kan vere litt seint for trugetur, men me kryssar fingarne for at at den gode snøvinteren gjer at det skal gå fint.

Kontaktinformasjon: