Skitur til Vesle Jukleeggi

Fellestur

Dato
3. mars kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Lærdal Turlag
Dette arrangementet er over!

Fin og relativt lett skitur til Vesle Jukleeggi (1703 moh). Oppmøte ved Rådhuset kl. 09:15 eller Eldrevatnet kl.10. Vi går over bruene og fyrst i retning Ulvehaugen. Etter kvart dreiar vi litt austover i retning Vesle Juklevatnet. Det er moderat terreng og ingen teknisk vanskelege parti på denne skituren. Frå toppen er det nydeleg utsikt tilbake til Høgeloft (Lærdal sin høgaste fjelltopp), og til mektige fjell i Valdres og Hemsedal. Turen kan også passe for familar med større born, som er vande på skiturar. Vel møtt til ein fin og trygg skitur med Lærdal turlag.

Turleiar er Rolf Engløkk, mob. 95982635.

Kontaktinformasjon:

  • Turleder Rolf Engløkk
  • Tlf. 959 82 635