Skitur Jernhetta rundt

Fellestur

Dato
17. april kl. 09:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Lærdal Turlag
Turområde
Skarvheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Me møtast ved Vardahaug Bru kl kl 09.30. Skia tek me på omlag kl 10.00.
Turen går i slak stigning inn Modlaugsbotnen mot Jerhetta, tek ein liten kvil ved Telegrafhytta (1327 moh) før me går opp på søre delen av Jernhetta. Der tek me ein god kvil før me rundar fjellet på vestsida og får ein nedkøyring mot Erterhaugvatnet. Ved hytta der kan me og kvila litt. Vidare over bandet der og nedatt Modlaugsbotnen til Vardahaug bru.

Smittevernreglane pr 25. mars seier at me må ha påmelding til turen. Meld deg på anten på heimesida, til turleiar, eller til Rolf Engløkk tlf 9598263, eller ved frammøte på Vardahaug Bru.
Turleiar er Jan Chr. Jerving, tlf 48213457.

Skitur Jernhetta rundt

Me møtast ved Vardahaug Bru kl kl 09.30. Skia tek me på omlag kl 10.00. Turen går i slak stigning inn Modlaugsbotnen mot Jerhetta, tek ein liten kvil ved Telegrafhytta (1327 moh) ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Jan Christian Jerving