Skitur Sluten - Oftedalen

Fellestur

Dato
11. april kl. 09:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Lærdal Turlag
Turområde
Skarvheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Skituren Sluten – Oftedalen

Me har utsett skituren Sluten – Oftedalen til sundag 11. april! Årsaka er betre ver sundag. Laurdag hadde me fått noko stri vind imot, YR melder om 12 m/s, sundag er det mykje mindre vind, og strålande sol..
Me får melding om snøtilhøva fredag, og legg ut ny info etter kvart.

Me startar frå Sluten på Filefjell kl 09.00, og reknar med å væra i Lærdal omlag kl 19.00. Ruta går frå Sluten og inn Valdresdalen, over Øvre Valdrestjørni og til Nåbottjørnane, kor me tek ein matpause. Vidare over Løken og Langetjørnane, Kvamsvatnet og Kvamsbandet til Steinhustjørni, der vert det og matpause. Etter det opp på Skettebottshøgdene, ned mot Blåsarbåten og opp i Helleskaret, der vert siste matpause. Så ned til Øvrestølen i Oftedalen der me mest truleg må ta av skia.
Det vert ikkje fellestransport med maxitaxi i år grunna gjeldande smittevernreglar. Av same årsak må me og ha påmelding, anten på heimesida, til turleiar Ingebrigt Bøe tlf 97625816, eller Rolf Engløkk tlf 95982635.
Det er ein lang tur, (svart) omlag 37 km på ski, og 800 høgdemeter ned frå Oftedalen til fots. Me legg ut fortløpande info om vèrtilhøva og andre aktuelle ting.

Du må ha med godt med mat og drikke, ekstra kle og utstyr for tur i høgfjellet. Det kan og vera lurt å ta med både hovudlykt, tursko og brodder (kjetting) for å nytta ned frå Oftedalen.

Turleiar er Ingebrigt Bøe tlf 97625816.

Skitur Sluten - Oftedalen

Skituren Sluten – Oftedalen Me har utsett skituren Sluten – Oftedalen til sundag 11. april! Årsaka er betre ver sundag. Laurdag hadde me fått noko stri vind imot, YR melder om ...

Kontaktinformasjon:

  • Rolf Engløkk tlf 95982635

Turleder:

  • Ingebrigt Bøe