Skitur på Filefjell til Nedre Monsetjørn om Kviesjøen er avlyst!

Fellestur

Dato
27. februar kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Lærdal Turlag
Turområde
Skarvheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Me må diverre avlyse skituren over Kviesjøen og ned til Nedre Monsetjørni laurdag. Skredfare og laus snø er årsaka. Det var eit håp om å gå ein tur inn Frostdalen sundag, det er ikkje rasfare der,  da det var meldt noko betre vær, men etter ein rekognosering i dag må me diverre avlyse turen. Om tilhøva vert gode seinare, ser  me om me kan setja turen opp att.
I dag var det djup blaut snø, skia gjekk til botn. Værmeldinga for dei næraste dagane er ikkje så god at me trur snøen frys til god nok skare.

Turlaget har på programmet skitur frå Smeddalsosen til Nedre Monsetjørn laurdag 27. februar. Ruta går mellom anna opp ei fjellside frå Gravfannbotn til Kviesjøen.

Varsom.no (Indre Sogn - Snøskredvarsel (varsom.no) varslar faregrad 3 (4 for i går) for dagane som har vore, og seier «Krevende forhold. Vedvarende svake lag nede i snødekket, ferske flak i høyden og våte skred i lavere områder. Unngå skredterreng.»

Vèrmeldinga fram mot laurdag seier noko snø, lite vind og mildt.

Ein rekognoseringstur i går vart blytung. Djup snø opp lia til Fremre Kjerringgrovi, varierande inn mot Gravfannbotn. Inga «hjelp» frå snøen, skia og stavane gjekk til botn. I Gravfannsbotn drønna det i snøen fleire plassar, ein snøprøve viste eit ustabilt lag om lag 50 cm ned i snøen.

Konklusjonen vert at det er svært lite sannsynleg at det vert tur som planlagt 27. februar, me set den opp att seinare når tilhøva har betra seg. Ny info kjem torsdag 25. februar, me vurderar alternativ tur ein annan stad.

Skitur Smedalsosen – Kviesjøen – Nedre Monsetjørn – Smeddalsosen.

Start ved Smeddalsosen, vi går opp lia mot Fremre Kjerringgrovi og Gravfannbotn.
Snøtilhøva avgjer om me tek rett opp til Kviesjøen eller vel ei rute lenger nord. Me kryssar Kviesjøen og får ei slak sigling mot Øvre Monsetjørn før me får ei ny lita sigling til SjekkUT-posten ved Nedre Monsetjørn. Attende føl me same ruta.
Nedre Smeddalsvatnet ligg på 914 moh, høgste punktet er om lag 1410 moh, Nedre Monsetjørn ligg på 1280 moh.
Det er og mogleg å gå vidare ned Botn og Volldalen til Sprakehaugen.
Me kjem om naudsynt attende med info om smittevernreglane på turdatoen, sjå og
Aktiviteter covid-19 — Den Norske Turistforening (dnt.no) 
Merk at me må ha påmelding frå deltakarane, og at det pr 3. februar er deltaking berre for turfolk frå Lærdal kommune.
Turleiar er Rolf Engløkk tlf 95982635

Skitur på Filefjell til Nedre Monsetjørn om Kviesjøen er avlyst!

Me må diverre avlyse skituren over Kviesjøen og ned til Nedre Monsetjørni laurdag. Skredfare og laus snø er årsaka. Det var eit håp om å gå ein tur inn Frostdalen ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Rolf Engløkk