Medlemstur 2020

Fellestur

Fra dato
24. juli kl. 08:00
Til dato
26. juli kl. 16:00
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Medlemstur
Arrangør
Lærdal Turlag
Turområde
Jotunheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Medlemsturen 2020 går til Tyinholmen https://www.tyinholmen.no/ med guida tur til Uranostind helga 24. – 26. juli. http://www.tyinfilefjell.no/

Me hadde planlagt ein heilt annan stad, Jostedalen med tur til Vangsen, men fekk ikkje plass på campingplass eller hotell der pga eit bryllup.

Turen tenker me slik: leie hytte® på Tyinholmen frå fredag til sundag, guida tur til Uranostind laurdag, festmiddag laurdag, ny tur om me ynskjer det sundag, og så heimreise. Om nokon ikkje vil på Uranostind, finst det mange andre turar i Koldedalen og omegn. Det vil og vera mogleg å berre ta guida tur til Uranostind utan overnatting, men medlemsturen er og meint som eit sosialt arrangement.

Prisar.
Guida tur kostar 1350 kr pr pers inkl sikringsutstyr.
Hytte 6 pers 3200 kr for helga, 8 (+2) 3800 kr.
Info om betaling kjem når me har ei liste med deltakarar.

Me må ha bindande påmelding innan 1. juli.

Medlemstur 2020

Medlemsturen 2020 går til Tyinholmen https://www.tyinholmen.no/ med guida tur til Uranostind helga 24. – 26. juli. http://www.tyinfilefjell.no/ Me hadde planlagt ein heilt annan stad, Jostedalen med tur til Vangsen, men ...

Kontaktinformasjon:

  • Rolf Engløkk