Fottur Færestad - Freibotn - Torsstein - Oftedalen

Fellestur

Dato
4. juli kl. 09:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Lærdal Turlag
Turområde
Skarvheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Avlyst/utsett!

Fottur fra Færestad om Freibotn, Torsgjelsfjellet, Torsstein og ned Oftedalen.

Me møter ved Rådhuset kl 09.00 for samkøyring til sjukehusbrua og Færestad så langt me kan for smittevernreglane.
Stien opp fra Færestad er bratt, men skal væra god til fyrste stopp som er like før Bjødnaholet, me tek ein pause der og ein pause ved Tverrhammar. Fin utsikt ned på Hauge og Eri. Vidare opp til Freibotn som har vore støl for fleira gardar, Færestad og Molde m a. Der finn me vatn, neste plass det er vatn er ned til Liastølen. Vidare over Torsgjelsfjellet (SjekkUT) og ned til Torsstein. (SjekkUT) Ny pause der før me føl stien ned til Liastølen og ned Oftedalen.
Dette er ein tung tur, raud til svart av di det er så stor høgdeskilnad, høgste er Torsgjelsfjellet med 1313 moh, 1285 på utsiktstaden ytst på fjellet. Me må rekna med 8 – 9 timar gåtid.

DNT krev at me har namneliste med tlfnr på alle som er med, bruk difor knappen «MELD MEG PÅ» på heimesida, eller send sms til turleiar.
Turleiar er Trond Øyen Einemo tlf 91620086, kjentmann Jarle Molde.

Fottur Færestad - Freibotn - Torsstein - Oftedalen

Avlyst/utsett! Fottur fra Færestad om Freibotn, Torsgjelsfjellet, Torsstein og ned Oftedalen. Me møter ved Rådhuset kl 09.00 for samkøyring til sjukehusbrua og Færestad så langt me kan for smittevernreglane. Stien ...