Avlyst Skitur Sluten - Oftedalen

Fellestur

Dato
4. april kl. 08:30 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Lærdal Turlag
Turområde
Skarvheimen (se kart)
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Pga Koronapandemien må me diverre avlysa denne turen.

Denne gongen må du bli med på tradisjonsturen til Lærdal turlag. Oppmøte ved Lærdal rådhus kl. 08.30, eller Sluten 09:15. Turen tek til frå Sluten på Filefjell seinast kl. 09:30, og endar i Ofta i Lærdal (ved sjukehuset). Det er ein lang skitur der du er ca. 8 timar i bevegelse, og på tur i 10 timar, gjerne noko meir om føret ikkje er bra. Men turen blir halde i eit fornuftig tempo. Vi går 2 timar, og så pause osv. Tradisjon tru er fyrste pausen ved Nåbottjørnane, andre ved Steinhustjørn, og tredje ved Helleskaret (derfrå ser me Lærdal). Så reknar me knapt 1 time på ski ned til Oftedalen, og så vel ein time til fots ned i Ofta.

Dei som har gått turen, går den ofte til att. Og du som tel på knappane, bør prøve denne unike sjansen til å gå på ski frå Filefjell til Lærdal. Vel møtt til ein spennande tur. Me legg ut info på facebooksida vår når turen nærmar seg, og turen går berre i godt vèr.

Av di me nyttar taxi fra Lærdal til Sluten må me ha påmelding og ein eigenandel for taxien.

Turleiar er Ingebrigt Bøe, tlf 97625816

Skitur Sluten - Oftedalen

Denne gongen må du bli med på tradisjonsturen til Lærdal turlag. Oppmøte ved Lærdal rådhus kl. 08.30, eller Sluten 09:15. Turen tek til frå Sluten på Filefjell seinast kl. 09:30, og ...