Tissedalen - Bårdshøgdi - Tynjaåsen

Fellestur

Dato
27. juli kl. 09:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Lærdal Turlag
Turområde
Skarvheimen (se kart)

Dersom vèret  spelar på lag vert turen fra Flyvotni på Aurlandsfjellet og over Tissedalsvarden, Sadelfjell, Grønefjell, Bårdshøgdi og ned Tynjåsen ei flott oppleving. Opp Tissedalsflyane må me kryssa ei elv, men brua plar ligga på plass.  På vegen mot Grønefjell fins det mange fangstgroper med leiegjerde og bogestillingar, eit stort og imponerande anlegg! Fra Bårdshøgdi, 1644 moh, har me flott utsikt mot Blåskavlen, Bleia og Jotunheimen. Me ser og ned i Jørundbotnen der det har vore stølsdrift.
Fra Bårdshøgdi går me ned Tynjaåsen, me tek ein god stopp i Skigrov der Gjesmehytta ligg. Her henta målaren Hans Gjesme inspirasjon til mange av bileta sine. Turen endar på Øvrevoll på Tønjum etter at me har gått ned Tynjaåsen på god sti.
Turen er lang, men ikkje så tung, me startar på om lag 1300 moh, høgste punktet er på 1644 moh, Øvrevoll ligg på om lag 54 moh. Det er lite vatn å finne etter Tissedalsvatnet, me må difor ta med rikelig med drikke!
Av di start og slutt på turen ikkje er på same plassen tingar me taxi fra Øvrevoll, påmelding og ein eigenandel vert difor naudsynt. Fleire opplysningar vert lagt ut på heimesida og fb etter kvart.

Tissedalen - Bårdshøgdi - Tynjaåsen

Dersom vèret  spelar på lag vert turen fra Flyvotni på Aurlandsfjellet og over Tissedalsvarden, Sadelfjell, Grønefjell, Bårdshøgdi og ned Tynjåsen ei flott oppleving. Opp Tissedalsflyane må me kryssa ei elv, ...

Kontaktinformasjon:

  • Anders Tønjum
  • Tlf. 97064424