Medlemstur til Beitostaølen

Arrangement

Fra dato
16. august kl. 12:00
Til dato
18. august kl. 17:00
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, Basecamp, Medlemstur
Arrangør
Lærdal Turlag
Dette arrangementet er over!

Medlemsturen 2019!

Av ymse årsaker har styret valgt å endre dato for medlemsturen til 16. – 18. aug 2019. Turmålet vert Beitostølen med turar til Via Ferrata Synshorn, Bitihorn eller ein av toppane på Valdresflya. (Gjendealpene) Aldersgrense på Via Ferrata Synshorn er 14 år.

Me har reservert ei hytte for omlag 15 personar, men kan om naudsynt gjera om bookinga til større/mindre hytte innan rimeleg tid. (Dersom ledige hytter) Hytta, Hermannstua, kostar 11150 kr fra fredag til sundag, sluttreingjering på 2000 kr kjemi tillegg.

Deltakinga betinger medlemskap i LæT, enten lokalt eller gjennom DNT.
Deltakarane betaler sjølve for hytta og ev leie av lintøy, sluttreinhald og mat unnateke middag laurdag kveld som turlaget betalar.

Me må ha bindande påmelding til turen innan 24. juni 2019, send sms til leiar, tlf 95982635 eller e-post rolfola46@gmail.com. (Eller bruk knappen på denne sida) Me må bekrefta tinging av hytta innan 28. juni.
Til Via Ferrata må me ha bindande påmelding seinast onsdag 12. juni! Me må betala på førehand og får ikkje att pengane om me avbestiller!
Påmelding må innehalda antal personar, vaksne og born (alder), tlfnr og e-postadresse, og om du vil gå ferrataen (kostar 890 kr i leie av utstyr) laurdag. Der er det halde av 10 plassar laurdag kl 13.30.
Det vert oppretta ei mail- og tlfgruppe som vil få nærare info om turen.