Trugetur til Sjønosi

Fellestur

Dato
23. mars kl. 09:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, , Trugetur
Arrangør
Lærdal Turlag
Dette arrangementet er over!

Turen byrjar ved Hedland i Erdal. Rolf Engløkk er turleiar.  Me møtest ved Rådhuset i Lærdal kl. 09.00 for samkjøring, då det ikkje er mange parkeringsplassar ved starten. Turen går etter god sti oppover fjellsida, fyrst i oreskog, etter kvart tek furua over. Det kan være lurt å ta med gode broddar. Me går forbi mange plassar med namn frå tida det var stølsdrift på Glep. Etter Øvre Galden flatar stien ut noko, og stølshusa er ikkje langt unna. Me tek ein god kvil på stølen. Føret avgjer når vi må ta på trugene.
Vidare opp er det litt stigning før me kjem opp på myra etter Hedlandsgrovi. Det er og noko motbakke gjennom bjørkeskogen før me kjem til snaufjellet, men da er det ikkje langt att!

Me brukar om lag 5 timar tur – retur, høgdeforskjel om lag 900 m, Sjønosi ligg på 1102 moh, og frå der er det flott utsikt!

Vèrmeldinga er ikkje den beste for laurdag, men om det ikkje let seg gjera å gå heilt ut på Sjønosi, kan me gå så langt me kjem, t d til Glep. Me legg ut info på fb og her om endringar.
NB! Hugs broddar!

Turleiar er Rolf Engløkk, tlf 95982635.

Kontaktinformasjon: