Skitur Eldrevatnet - Skålanosi

Fellestur

Dato
17. februar kl. 09:00 - 15:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Lærdal Turlag
Turområde
Skarvheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!

O B S !  Flytt frå laurdag til søndag 17. feb. grunna veret. Me startar skisesongen med ein medels tung skitur frå Eldrevatnet til Skålanosi og retur. Høgdeskilnad er på omlag 450 høgdemeter.  
Me køyrer fra Rådhuset kl 09.00, møtest på Borlaug kl 09.30, og går fra Eldrevatnet kl 10.00. (Ca)
Ruta går inn mot dammen på Øljusjøen, men tek av opp mot Skålanosi (1550) før dammen. Ikkje bratt opp, men fin stigning, ruta me gjekk tirsdag var fin og ikkje rasfarleg. Medels tung tur, nok snø til ein flott fyrste skitur med turlaget i 2019!
Vèrmeldinga for søndag 17. feb 2019 seier lettskya og sol, ca. 4 ms. vind. Noko meir vind på toppen. Ta med godt med klede, mat og drikke.
Smøretips vert blå ekstra men fiolett kan vera naudsynt i byrjinga.
Turleiar er Rolf Engløkk 95 98 26 35.

Skitur Eldrevatnet - Skålanosi

O B S !  Flytt frå laurdag til søndag 17. feb. grunna veret. Me startar skisesongen med ein medels tung skitur frå Eldrevatnet til Skålanosi og retur. Høgdeskilnad er på ...